Ettersom du allerede har lang erfaring i ditt fagområde, vil mye av undervisningen være kjent for deg. Samtidig vil du få bedre innsikt og forståelse for fagterminologien i ditt fag.
Dette fagkurset i kokkefaget skal forberede deg til den teoretiske eksamen som privatist og har fire kjerneelementer:
Sjømat, teknologi og ressursutnyttelse
Kjerneelementet sjømat, teknologi og ressursutnytting handlar om samspelet mellom eigenskapane til råvarene, handlag, produksjonsteknikkar og produksjonsmetodar basert på tradisjonar og fagkunnskap. Vidare handlar det om bruk av teknologi, produktutvikling og kvalitetsvurdering i tråd med tilgang, etterspurnad og verdiskaping. Kjerneelementet handlar òg om dilemma knytte til råvaretilgang, levandelagring, slakting og ressursutnytting av sjømat. Det handlar dessutan om bruk og vedlikehald av reiskapar, maskiner og utstyr.
Kvalitet og trygg mat
Kjerneelementet kvalitet og trygg mat handlar om personleg hygiene, produksjonshygiene og næringsmiddelhygiene. Det handlar vidare om trygg produksjon og omsetning av sjømat ved å følgje kvalitetssystemet til verksemda. Kjerneelementet handlar òg om lover og forskrifter som regulerer produksjon og omsetning av sjømat.
Berekraftig produksjon
Kjerneelementet berekraftig produksjon handlar om arbeidsflyt gjennom planlegging, samarbeid og kommunikasjon for å redusere svinn og gi auka lønnsemd. Vidare handlar kjerneelementet om best mogleg ressursutnytting og om korleis bransjen påverkar miljøet gjennom val av råvarer og emballasje. Dessutan handlar berekraftig produksjon om avfallshandtering, resirkulering og førebygging av utslepp til miljøet.
Arbeidsliv og yrkesidentitet
Kjerneelementet arbeidsliv og yrkesidentitet handlar om kunnskap om pliktene og rettane i arbeidslivet og betydninga av trepartssamarbeidet. Vidare handlar kjerneelementet om å skape eit psykososialt og fysisk arbeidsmiljø som fremjar helse, miljø og sikkerheit. Kjerneelementet handlar òg om sosial kompetanse og samarbeidsevne, kritisk tenking og respekt for meiningsforskjellar og forståing for korleis dette påverkar arbeidsmiljø og produktivitet. Arbeidsliv og yrkesidentitet handlar dessutan om måla og historia til verksemda og om kva tilhøyrsel ho har i eit yrkesfellesskap som fremjar utvikling, likeverd og likestilling.